Hodeskallen til Grønhellermannen : 無料・フリー素材/写真
Hodeskallen til Grønhellermannen / arnybo
| ライセンス | クリエイティブ・コモンズ 表示-継承 2.1 |
|---|---|
| 説明 | MOTIV: Grønhellermannen (hovudskalle) PERIODE: Yngre steinalder FUNNSTAD: Gildreneskyllaren, Ytrøy KOMMUNE: Solund(ENGLISH: Human skull of 17 years old man found in Solund, Western Norway. From the younger stone age around 4600 years ago (2600 B.C.). Stored in Bergen museum. Found in the tribes garbage dump. He has been eating mainly seafood.)Hovudskallen til den 16-17 år gamle Grønhellermannen.Eit av dei mest oppsiktsvekkjande funn frå steinalderen vart gjort av konservator Egil Bakka i Grnhellaren i Solund i 1964. På denne steinalderbuplassen ved Gildreneskyllaren på Ytrøy grov arkeolog Egil Bakka fram skjelettrestar av fleire menneske, m.a. eit svært godt bevart skjelett av ein 17 år gamal gut, to kvinner og to vaksne menn. Det er svært sjeldan at det er funne godt bevarte skjelettrestar frå steinalderen i Noreg. Grønhellaren hadde vore nytta som buplass i fleire tusen år frå jernalderen og inn i metalltida, og steinalderfolket hadde gravlagt dei døde i jordgolvet i hellaren. Skjeletta er tekne hand om av dei kulturhistoriske samlingane ved Bergen Museum, saman med flint og andre funn frå hellaren. (Kjelde: Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane)For rundt 4600 år sidan døydde ein ung steinaldermann i Solund. Han vart berre 17 år gamal, og han vart gravlagd i søppeldynga under steinhellaren der han og familien budde. Skjelettet intakt Det som gjer den unge guten så spesiell var at store deler av skjelettet var intakt, og at heile kraniet var like heilt. Det gjev oss ein unik sjanse til eit innblikk i livet til dei frste sogningane. For eksempel får vi vite kva dei levde av, seier professor Svein Indrelid ved Bergen Museum. Levde på sjømat Indrelid opplyser at undersøkjingar viser at den unge mannen har eit ekstremt høgt innhald av marine indikasjonar, og at det ikkje er tvil om at han stort sett berre har levd av det som kom frå sjøen. Stor av vekst Saman med andre gravfunn - spesielt frå sør-skandinavia - slær også den unge mannen i hel myten om at steinalderfolket var små av vekst. Indrelid seier at det ikkje var uvanleg at menn på den tida var godt over 1,70 meter, og at dei dermed var langt meir storvokste enn folk på 1800-talet. (Kjelde: Vidar Vie, NRK Sogn og Fjordane) |
| 撮影日 | 2004-02-10 09:38:40 |
| 撮影者 | arnybo , Førde, Norway |
| タグ | |
| 撮影地 | |
| カメラ | Canon EOS 10D , Canon |
| 露出 | f/9.5 |
| 開放F値 | f/9.5 |
| 焦点距離 | 35 mm |

